Raundalenutvalets rapport

Først publisert: 6.02.2012
Sist oppdatert: 6.02.2012
Det biologiske prinsippet er eit grunnprinsipp i barnevernlova. I utgreiinga foreslår utvalet at eit fjerde prinsipp om utviklingsstøttande tilknyting blir innført for å vurdera vanskelege saker i barnevernet. Utvalet skriv at forsking viser at kvaliteten og kontinuiteten i samspelet mellom barn og omsorgspersonane er svært avgjerande for barn si utvikling. Når ein skal avgjera val av bustad, samvær, tiltak og tilbakeføring i barnevernsaker, må det derfor leggjast stor vekt på tilknyting.


-Å skilje barn og foreldre er ei av dei vanskelegaste avgjerdene ein kan ta.Me må ha ein grundig og open diskusjon om når og korleis ein skal gjera dette. Utvalet gir oss eit godt grunnlag for å ta denne vanskelige og naudsynte diskusjonen, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken. Prinsippet om utviklingsstøttande tilknyting skal ha forrang samanlikna med det biologiske prinsippet.

Utvalet anbefalar at overtaking av omsorg vert vurdert i høve til følgjande tre faktorar:

  • Om tilknytings- og relasjonskvaliteten mellom omsorgspersonane og barnet er utviklingsstøttande eller ikkje.
  • Kor alvorleg og varig omsorgssvikten er.
  • Om omsorgpersonane sine eigenskapar er av varig eller forbigåande karakter.

Utgreiinga på høyring

Utgreiinga vil bli sendt på brei høyring og vil og inngå i eit større arbeid med å utvikla barnevernet. Regjeringa er i gong med barnevernsløftet som består av tre delar, eit ressursløft, ny organisering og nye prioriteringar. I løpet av våren vil regjeringa senda forslag til lovendringar på høyring. Desse forslaga vil bli lagt fram for Stortinget til neste år.

Utvalet foreslår endringar på fleire område innan barnevernet, både når det gjeld bruk av hjelpetiltak, tilsyn og tilbakeføring av barn til foreldre etter overtaking av omsorg.

Fleire forslag til lovendringar

Utvalet har og fleire konkrete forslag til lovendringar. Utvalet foreslår blant anna at:

  • Barnevernlova vert rettigheitsfesta.
  • Familievernkontora får ansvar for foreldreomsorg, støtte og å følgja opp foreldre etter at barnet er plassert utanfor heimen.
  • Barnevernet skal i større grad ha fokus på tiltak som bedrar samspelet mellom foreldre og barn.
  • Barnevernet må ha betre tilgang til tiltak som er dokumentert å verke i arbeidet med å styrkje foreldra sin omsorgskompetanse.
  • Fylkesnemda kan gi pålegg om hjelpetiltak til foreldre for ein tidsavgrensa periode.
  • Statens helsetilsyn tek over tilsynet med fosterheimane.
  • Det i større grad vert forska på tersklar og tiltak som vert brukt i barnevernet. Utvalet anbefalar at det i særleg grad vert forska på born med minoritetsbakgrunn.
  • Adopsjon alltid vert vurdert i tifelle der born er tidleg og varig plassert i fosterheim.
  • Det bør gjerast ei utgreiing om ein familiedomstol kan erstatta dagens fylkesnemndordning.
  • Helse- og sosialtenesta vert pålagt eit ansvar for å varsla barneverntenesta om gravide mødre som har ein livsførsel som kan skada det ufødde barnet.
  • Det vert oppretta ei arbeidsgruppa som får i oppdrag å vurdera ein fosterheimsgaranti med forskrifter. Ein slik garanti skal innehalda tiltak som skal redusera ustabilitet i plassering i fosterheim

Les Magne Raundalen sin presentasjon

Kilde: BLD

Har du innspill?

Har du innspill til en artikkel, forslag til nytt innhold eller noe du ønsker å dele med andre som jobber innen barnevernsfeltet?

Send en mail til barnevernet@bufdir.no.

KONTAKT

Nettstedet drives av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Telefon: 466 15 000 (08.00-15.45)
Telefaks: 22 46 83 05
Epost: postmottak 'at' bufetat.no
Organisasjonsnummer: 986 128 433
Postadresse: Postboks 2233, 3103 Tønsberg
Besøksadresse: Stensberggata 27 (7. etasje
Reklamesendinger, kataloger, aviser, tidsskrifter ol. til direktoratet sendes til:
Bufdir, Postboks 8113 Dep, 0032 Oslo

REFERANSEGRUPPE

  • KS

  • Norsk barnevernlederorganisasjon (NOBO)

  • Norsk Fosterhjemsforening

  • Landsforeningen for barnevernsbarn    

  • Barneombudet (assosiert medlem)

  • Ski Barneverntjeneste

  • Barne-, likestilings- og inkluderingsdepartementet

ANSVARLIG REDAKTØR

Kjetil Hillestad

 

NETTREDAKTØR

M. Karlsrud

 

 

 

Del oss

Følg oss